Viser innlegg med etiketten auge. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten auge. Vis alle innlegg

fredag 6. november 2020

Skuggedyr

skuggen av dyret

kviler

på veggen framfor meg,

dei kvasse klørne har laga djupe sår

i murveggen,

noko renn over steinane og ned

utover gata som ei elv ein bodskap

om det umedvitne møtet mellom meg

og denne skuggen og kor det vil ende

om eg ryggar sakte vekk som ein tango

for skuggen min og meg


skuggen er blind

med auga fastskrudde på måneoverflata;

kan du sjå oss

er me borte

 


tirsdag 27. oktober 2020

Spor mellom auge

å late opp handa

ein finger om gongen,

ein raslande lyd gjennom rommet

og inn i sjela


alt du gjer set spor

og dette sporet let seg ikkje viske ut


auga vert løfta frå golvet, sakte

sakte

møter du auga mine

og det elektriske i augeblikket

viskar ut resten av verda



lørdag 12. september 2020

Blikk som eld

blikket ditt brann som eld

og du vart eit menneske medan me såg deg

og me vart menneske, fødde i det sekundet

bilda av telt i brann fylte netthinna og du snakka til oss

som om me var individ 

med hjarte og hjelpande sinn

og at me hadde sjanse til å hjelpe


dei harde orda

som gav oss form og meining, hatet

som ingen brann kunne rive ned        men heller nøre opp

og silhuettane som før vandra som skuggar i byar langt borte

gjekk frå å vere objekt til subjekt

i eit rop som reiv huda i filler


no blør tunga, no blør auga og øyra

no blør sjela og orda

er skrift av blod på veggen

og me veit;

viss ikkje noko vert gjort

viss ikkje orda vert handling

viss ikkje hjartet rullar ut ein veg til fridom

for deg

vil me slutte å eksistere

i same sekund som auga glir att

og ryggane reiser seg som murar mellom fornuft og galskap

 

 


onsdag 9. september 2020

Auga er eit garn

korte glimt av dette store

i dine sekund, bak di eiga hud, bur

lengten etter alt      forgjengeleg

 

mine eigne celler

kviskrar eg

men veit det er løgn

 

tida som ein gong var

er som draumen om moria

når eg let att boka;

 

endå lever alt

i repeterande frekvensar

når eg let att auga,

men detaljane bleiknar

og tinga endrar form, til og med

auga eg ein gong prøvde

å gje all min kjærleik

 

no er mine eigne auge eit garn

strekt over vegen inn

til minnelandet

 

berre håpet lever

på desse koordinatane

 

 

torsdag 27. august 2020

Mot natt

eit glimt av lys
eit augekast, kvikk
sand
under medvitet
sakte synkande
i vest

eit auge
med sine bilde
trillar over jorda,
fangar inn alt lyset
som trekkpapir

vert trekt mot solnedgangen
utan anger
bilde på bilde
i stablar ingen vil sjå

og så kjem natta


fredag 31. juli 2020

Eksistens i auga

alt på andre sida
av veggen
er usynleg, kvitt
spøkelsesaktig lyst

endå det er mørkt
og ingenting finst der

før auga fangar inn formene
fyller dei med meining

set saman små glimt av lys
gir tinga eksistens

fargelegg det kvite
strøk på strøk
over netthinna

alt på andre sida
av veggen
finst
fordi eg har sett det



torsdag 23. juli 2020

Hjartetsunami

ringar i vatnet
etter alle tårer som falt
frå auga bak auga

større og større ringar
tsunamibølgjer
over hjarterøtene

ingen veit kor langt
inn på dei aude områda
vatnet når

inn dit ingen ord
har markert sine lydar
eller sett sine spor

før no

lørdag 23. mai 2020

Alt me veit

så raske straumar
og understraumar
me aldri får sjå

eit glimt av æva
i kvar drope

lyset glimtar som diamantar
ei hand held ei klokke i vater
visarar i nye akselerasjonar
gjennom auga

straumar av blod i årene
- me lever

det er alt me veit


fredag 8. mai 2020

Kontinuitet

fridomen er denne syngande lyden
av metall mot metall,
dei grove hjula som rullar framover
langs svillene
medan landskapet renn forbi;
ei motstraums elv

auga dine kviler
på dei grøne trea, dei langstrakte viddene
auga dine finn svar
i det som ikkje står skrive
eller uttalt
på husveggane, bilane, vindauga
men er lyset hjartet strålar

fridomen er denne vogginga
gjennom ukjent landskap,
knea mine mot knea dine, ei takt
me kan falle inn i 
og smila speglar seg i kvarandre
lik auga speglar djupnene i det me ser 

fridomen ligg i dette å ikkje stoppe
men halde fram,
ein kontinuitet
i mennesket sin sanne natur





lørdag 4. april 2020

Smerteglimt

det finst ting
      som ikkje let seg endre

alle desse veggane
og dei små vindauga
med utsikt til verda

auge som ikkje kan tolke
glimta av lys
reflektert frå smil og tårer

ei vedvarande smerte
for den altoppslukande lengten
etter nærleik


mandag 23. mars 2020

Materialisere det umoglege

auge som lyskastarar
sveipar over fasaden på eit hus
som endå berre har stige halvvegs opp
av myra

det ligg eit skjær av noko veikt,
eit lys som ikkje finn feste
over heile denne opne plassen

plankar som beinrestar
ut frå gjørmehola
og dei surklande lydane frå djupet
er lyden av det nye
som stig fram

alt materialiserer seg her
medan auga er tause vitne,
vidareformidlar det som skjer
til intellektet bakanfor

likevel er det ufatteleg
korleis alt fell på plass,
korleis desse daude trea og stråa
kan smelte saman til plankar, plater og golv
og leggje seg slik
at når trykket frå djupet pressar mot dagslyset
stig det eit heilt hus ut av mudderet --

fiksjonen er total,
hjernen konstruerer
det den ikkje kan forstå
og det umoglege vert mogleg
i det febervarme lyset
frå auge som er opplært til å lyge


mandag 2. mars 2020

Nytt lys

kvar morgon
byter eg ut auga,
legg dei fulle, oppbrukte auga til side
og set på nye, friske
endå ufylte auge
til å ta inn det ferske morgonlyset

ingenting kan eg hugse
av lyset som var der i går,
det ligg lagra i dei gamle auga
dei eg aldri meir kan bruke -

det nye lyset, denne nye sola
varmar innover i hjernegongane
og byggjer opp eit nytt bilde av seg sjølv
på det kvite arket
som heiter 
i dag

slik kan eg starte på nytt
endå ein gong,
og utan fordomar møte verda
med eit friskt "god morgon!"


søndag 16. februar 2020

Inn i auga

det er auga dine
i alt, i alle ting, auga dine
som djupe brønnar

auge
som ser meg, ser mot meg
ser  -  meg
om eg vender rundt
og prøver å fange blikket, eit mildt 
smil
lunt
i augekroken, i munnvika, i kroppen
som eit ankerfeste
noko eg kan halde
og lene meg mot,
stole på
i alle mine usikre tankar

for du såg på meg
med auga
og eg fanga blikket ditt 
og meiner eg kunne lese det
som ei bok, eit spegelbilete
av mitt eige hjarte

lengtar du ikkje
etter det same som eg?

er det ikkje dette me vil
begge, vere her som kvarandre sine speglar
vise den gode sida
som me ser
når me vender oss bort frå det sjølvkritiske
og kastar oss inn
i den andre sitt blikk


mandag 10. februar 2020

Songen

songen
stemma tona i lokalet
frysningane
dei milde smila
glitrande auge
ei sveitteperle
blikk som vandrar over salen
framover til
songen
heile vegen songen
øyre som lyttar
føter som vippar
dei tunge gardinene
mjuke stolar
varmen som stig frå hundre kroppar
songen

den vesle uroa

kjolen
stemma, blikket, smilet
songen, å - songen, og auga
men først og fremst
blikket
smilet
kjolen

ja, kjolen
og auga
på meg


søndag 26. januar 2020

Når du ser på meg

eg vert til
når du ser på meg

aleine eksisterer eg
går her, som ein motor
på tomgang

når du ser på meg
vert hjartet mitt materialisert,
kroppen tek form
som ein skugge som reiser seg opp
vidar seg ut i ein ny dimensjon
og fyller lungene
for første gong

i auga dine
får verda rundt meg farge
og alt som før var
         råstoff for å overleve
vert eit landskap å springe i,
leggje seg ned blant fargerike blomar
og vere til i 


fredag 3. januar 2020

Korleis me oppfattar verda

det eg legg merke til
er kanskje noko anna
enn det auga dine fangar inn -

kan hende er porene i huda
annleis utforma,
så det reflekterte lyset
får ei anna form

kan hende er auga mine
utstyrt med andre typar nervar,
eller berre
andre nervar
enn dine,
og cellene i hjernen
sender signala i heilt andre baner -

på den måten kan me stå her
og sjå på det same,
og samtidig sjå heilt ulike ting


søndag 29. desember 2019

Haien i meg

bak auga mine
svømmer haien

alltid ventande, alltid svolten
ser, stirar, lurer, ventar, ventar
på feilsteg
ei glipe i det perfekte bildet
eit fall
ei tåre

ventar
at noko skal skje
at nokon skal sakke etter
at nokon skal opne opp, vise seg 
svake

sym rundt
i det store djupet
som ein stille tornado, alltid vaken

alltid klar

alltid 
svolten


fredag 24. august 2018

Utsnitt #1




det auga mine ser
er eit utsnitt av universet
eit vindauge
av tid, rom, lys
og kjærleik

alt som ligg utanfor grensene
av det som er meg
vil for det indre auget
alltid ligge i skuggen