dette
er ikkje min dans;
det
er orda
og
lyden frå elva
som
leier meg vidare inn
i
eit landskap av draumar,
fantasifragment
frå mitt inste DNA
og
tida eg berre har til låns
så
i dag trør eg varsamt
over
mose og lyng,
navigerer
i eit eldgamalt terreng
-
det er i tankane og i hjartet
og
kroppen responderer
som
om landskapet
er
ein del av meg sjølv
likevel
er ikkje dansen min
endå
føtene er styrt
av
hovudet
og
trør der eg ynskjer;
etter
meg står skogen taus
og
spora eg set forsvinn
før
neste soloppgang