kva
er vengene
anna
enn oppstilte molekyl-
strukturar
i system,
lina
opp, sett saman, bygd
til
fjører og feste,
foreina
i eit dynamisk heile;
estetisk,
praktisk
naudsynt
likevel
– så unyttig
utan
lufta å flyte på –
i
denne høgda er eg
fri
frå alle banda
fridomen
er eit pusterom
så
annleis enn det å vere fange
for
eg kjenner lenkene,
kvart
strammande tau
dei
sit i minna
som
djupe spor i landskapet
og
eg har kjempa imot
eg
har fylt lungene med skrik i natta
eg
har sprunge, eg har slåss
brukt
all mi kraft og all min vilje –
til
sist gav eg opp
la
livet mitt i andre hender
kjente
nytt blod, nytt liv
som
straumar i mitt ørkenlandskap
og
nokon lyfte meg, nokon
reiv
over alle lenkene – bad meg fly –
så
no er eg fri
og
eg veit i frå kva
som
kjærleik
høgt
svevande
over
kvardagen
ser
eg deg
i
nytt lys
frå
denne høgda
liksom
du er endra
til
din beste versjon
gjennom
augefilteret
og
eg smiler til deg, vinkar
ditt
hjarte til mitt –
lat oss vere nye for kvarandre(Fototriss)

