1
det
eine nært
det
andre fjernt
som
pust på veg inn
og
pust på veg ut
noko
nytt, noko gamalt
og
likevel heilt likt –
to
uttrykk for det same,
ein
samanheng – eit band
som
to bitar i det tidfaste
verdspuslespelet
2
det nysprungne livet skjelv,
her er så kaldt –
denne
nakne kulda
i
ei opa verd
der
vindane flyttar seg
og
vatnet renn
og
ingenting verkar stadfast,
lunt
og varmt eller trygt –
så
lat oss lene oss på kvarandre,
finne
livd i ein felles lengt
3
så
er du spegelen min,
eit
bilete av mitt eige bilete
slik
eg sjølv speglar noko anna,
frå
ei verd av andre substansar;
så
rører du deg ikkje
utan
at eg gjer det same,
liksom
styrt av desse
usynlege,
ubrytelege fotonbanda
ikkje
ulike dei som held også meg
i
stadig rørsle mot æva