eg
ser meg sjølv i vindauget
i
det eg går inn døra,
ein
kort refleksjon
tilbake
til den eg var
i
det eg opna døra og steig inn
døra
smell att
tre
sekund er borte
eg
er allereie ein annan
så
raskt denne endringa går
eg
ser meg sjølv
smuldre
bort, oppløyst
som støv på bakken
eg
mistar cellene mine
millionar
borte i vinden
som
spor langs stien eg har gått
eg
kan aldri følgje dei
attende
det
var enklare i starten
då
eg kjende meg samla
heil
som
ei konstant eining i verda
og
verda var eit heile
stabilt
og klart til utforsking
i
dag er tankane mine delte
nett
som kroppen, lemene
alle
organa og vevet eg er bygd av
kompleksiteten
aukar
og
vissa om dette dynamiske
flyktige
trekket ved verda
styrkar
trua på det varige
- at
det som er utanfor alt
og
ein tråd gjennom alt
ein
dag kan føre det knuste
attende til eit nullpunkt(Fototriss)
