onsdag 28. februar 2018
tirsdag 27. februar 2018
Blanke dagar
isen
er ei kappe
ømt
senka over landskapet
med
forsiktige hender
desse
uklare husa
uklare
menneska
med
gjennomsiktige sjeler
stille
vandrande -
eit plan for tankane
og
dei varme kjenslene
og
dei dirrande, djupe
redslene
og
eit plan for beina
med
stødige musklar
avogtilvaklande
steg
over
frostprega jord
dette
er eit stille forrom
før
den hastige våren
og
ein sommar
av
likegyldige songar
det
er blanke dagar
for
auga som svevar
over sjøen i sjelamandag 26. februar 2018
søndag 25. februar 2018
lørdag 24. februar 2018
fredag 23. februar 2018
Leik
ligge
med breie vengjer på vinden
kjenne
verda som ei flate
med
to dimensjonar
og
lufta som held deg oppe
som
den tredje
og
tida står stille
inni denne parentesen
der
matjakt, uro og frykt
vert
lagt til side
alt
som tel er
du
og vinden og svevet –
torsdag 22. februar 2018
onsdag 21. februar 2018
Vinterkveldslyset
strålane
frå sola i havet
legg
seg som varmekablar
rundt
sjela
eg
let meg senke
inn
i bildet – bli eitt
med
sjøen, skogen, skyene
kjenner
at vinterkvelden og eg
pustar
i takt, vert eit kor
- eit lovsongskor
under
open himmel
Abonner på:
Innlegg (Atom)


