som
eit svingande sverd
slår
lysstrålane gjennom underskogen,
raskar
med seg siste rest
av
natt og skumle tankar
kom,
lokkar skogen no,
den
som tidlegare var eit hinder
ein
diger port
til
eit avstengt land
men
no – no er alt ope
no
ligg verda for våre føter
det
er berre å stige inn
på
dei ukjente stiane
og
det svingande sverdet leier vidare
til
eit rike utanfor tid og rom,
der
berre erfaringar og fantasiar
er grenseland mot det grå