mandag 30. april 2018
søndag 29. april 2018
lørdag 28. april 2018
fredag 27. april 2018
torsdag 26. april 2018
onsdag 25. april 2018
tirsdag 24. april 2018
mandag 23. april 2018
Eit betre lys
dette
tunge lyset
i
auga dine,
virvelstraumane
i kjensla
av
å stå på land
og
sjå deg ute på djupet
og
du er akkurat utanfor
rekkjevidde
– å, mørke mismot
kor
det tyngjer –
heilt
til auga lysnar
føtene
når botnen
og
armane dine når mine
og
gleda kjem siglande inn
som
ei tremastra seglskute
og
legg til kai –
søndag 22. april 2018
Snakk
det
har blitt så mykje snakk
om
denne våren
som
er på veg;
om
sildrande bekkar og
smeltande
snø og
blomar
som liksom vender attende –
eg
tykkjer det har blitt ein hype
heile
greia
Abonner på:
Innlegg (Atom)
