til sist
heilt til sist
gir tunellen opp, gir tunellen slepp
på bilen som ikkje lenger er ein bil
men eit brøl
frå noko inst i hjartet
som aldri har fått luft
ein raud ball på veg vekk
utan noko mål
berre denne vissa
i det tunellen sukkar, gir etter, spyttar ut
at dette er det motsette av alt anna
og ei erfaring, dei seier
ein fint kan vere forutan
likevel
ingen kjenner botnen
som den som støypte golvet
og bilen svingar inn til sida
nokon stig ut, ser seg attende
ei ørlita lengt
til djupet i natta, det som greip og smerta
og var så paradoksalt trygt
trass alt