Her
vil eg låse dykk fast,
eit
evig stillbilde
fresa
inn på hjarteveggen
av
tusen dagar
med
omsorg, tusen dagar
med
bekymring og rare tankar
om
framtida, tusen gongar
repeterte
framføringar av
Ingen
er så trygg i fare
vandrande
på stille sokkar
i
eit mørkt rom, med ein skrikande baby
på
skuldra og ein sliten far
med
knekk i knea
og
tusen ynskjer for alt
ein
håpar vil skje i framtida, draumar
om
gode dagar, kjærlege dagar, tusen
håp
om nærleik og fjørlette samtalar
på
plenen – over ein freesbee eller
under
eit epletre, i stille forventing
om
tusen fleire dagar saman, etterfulgt
av
tusen til og tusen til og tusen til
og
netter med søvn rett under overflata,
symjande
i tusen draumar
om
dykk
Eg
ser dykk gå, side ved side, to draumar
med
alle mine tusen tankar
på
skuldrene
og
eg tel til tusen, sakte baklengs
og
håpar – inderleg og fåfengt –
at
dette aldri skal ta slutt
-
difor vil eg låse dykk fast, her, i hjartet,
som
eit svar på tusen
av
alle mine varme bøner – for dykk