Viser innlegg med etiketten overblikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten overblikk. Vis alle innlegg

lørdag 14. februar 2015

Sjå opp



1
kor dei held til
desse tankane –

stadig er dei på vengene
ute i den store verda

eg finn dei fykande
over framande landskap

kom til kvile, litt
vere her, i augeblikket, ei stund

eg kan vere ein stille stad
for det viktige no




2
eg såg bakkefestet
dei solide stengene
trygt planta på berggrunnen

- det må til, sa du, der oppe,
skal du flytte dei store tinga i livet
må festet stå trygt

eg såg betongelementa
dei tunge kolossane
mot ein skytung himmel

- slik må det vere, sa du,
skal du lyfte dei store tinga i livet
må ballasten vere på plass

eg såg kranførarblikket
høgt plassert i sitt tårn,
vende nedover, mot bakken

- det er det beste, sa du,
med høgd og luft i livet
men blikket vendt mot det handfaste, nære





3
så ser eg opp, let blikket kvile
mot det høge tårnet over byen,
festar auga på merket
mi fane og segl på reisa

dette symbolet, teiknet
som minner meg på – stadig
at over mine kvardagsgrå vegar
kvilar eit kjærleg auge, kviler ei leiande hand –




torsdag 24. oktober 2013

Frå over skyene



Det er noko fritt, noko fredfullt
ved det å sjå verda
frå så store høgder
at alle fargar flyt i hop
og skyene dekkjer
det meste

å gå så høgt opp
at du ikkje lenger kan skilje menneska
eller bilane, husa, vegane, toga
frå kvarandre,
alt flyt saman – til eit heile
ein einskap, på ein måte
om enn kunstig

det er noko luftig, hjartelett
å balansere på toppen av eit fjell;
rette ut hendene, kjenne vinden ruske i kroppen,
regnet som renn over panna
og sjå utover eit landskap som er ditt
på ein måte det aldri kan bli
når du er i det, sjølv

her, frå over skyene
kan eg late som dette kongeriket mitt
er ein freda plett på jord
og alle menneska – der nede
smiler til kvarandre
under skyer som gir livd
meir enn dei dekkjer over
det vi aldri burde sjå


#FN-dagen

Verda er ein samansett plass. Nokre dagar har eg lyst til å juble av glede; når eg ser menneske som gjer kvarandre godt, menneske som vil noko, oppnår noko, set seg eit mål og går heile vegen fram. Andre dagar vil eg helst stikke hovudet under puta og stå over. Det er så mykje vald, så mykje krig, så mykje elende. Dei fleste dagar er eg nøytral. Eg sullar med mitt, utan å tenkje i dei altfor store perspektiva. I dag faldar eg hendene. Sender ei bøn om fred. Harmoni. Kjærleik. Mette magar. Glade fjes. Leikande born. Blomstrande hagar. Gode blikk. Og veit at FN, kanskje, kan vere ein liten bit av bønesvaret. Kanskje.