Eg har
møtt så mange menneske
som leitar
etter ein skatt
Dei
leitar og strevar
Jobbar og
slit
- Ein
litt større bil
Eit litt
større hus
Litt
meir pengar i banken
Litt meir
populæritet
Dei
leitar etter ein skatt,
ved enden av slitet
ved enden av strevet
Eg såg,
og undra meg,
for det
var så få som såg lukkelege ut
Heilt
til ein dag då eg møtte
ein
skattejeger med eit smil
og ei glede
strålande ut frå auga
- Han
hadde funne skatten!
Den låg
mellom fem korte fingrar
og vart
lagt blant andre skattar
Skattejegeren
såg på dei
Studerte
dei frå alle kantar, stirra
og flytta
på dei
Først hit
og så dit, det tok ikkje slutt
Og heile
vegen sat han og smilte
Der og
då gav eg opp mi eiga jakt
For den
vesle skattejegeren hadde lært meg
korleis
ein verkeleg skatt ser ut