Når verda går imot
Bakken hallar
Grunnen under beina
har smuldra vekk
Då klynger eg meg fast
til dei gamle, trygge tinga
Dei tinga som, lik barken
på ei gamal furu,
står stødig og rakt, same kva som hender
År kan gå
tider skiftar,
véret skiftar
Men barken,
barken held fast
Slike trygge ting
er det eg treng
Noko som kan halde meg saman
same kva som skjer
Difor klynger eg meg fast
til dei gamle, trygge tinga
Som Guds ord
trua, og håpet
Kjærleiken
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar