søndag 30. september 2018
lørdag 29. september 2018
fredag 28. september 2018
Det kloke i veggen
alt
desse veggane veit
av
rett og gale;
etikken
er lukta av fuktige støvlar
lovene
seier rekke på rekke
med framtidsobjekt
for
her spring dei om kapp
eller
hoppar paradis
notida
og framtida – saman
og
normene kryp som usynlege maur
i
korridorane, festar seg til hjernane
byggjer
noko større av det store
noko
betre av det gode, noko klokare
ved
enden av kalenderen –
torsdag 27. september 2018
onsdag 26. september 2018
tirsdag 25. september 2018
mandag 24. september 2018
søndag 23. september 2018
lørdag 22. september 2018
fredag 21. september 2018
I denne straumen
i
denne straumen
av
flytande håp
er
orda
det
faste fjellet
leier
vatnet dit det trengs
gjennom
kupert terreng
frå
kjelder utanfor
vår forstandtorsdag 20. september 2018
onsdag 19. september 2018
tirsdag 18. september 2018
mandag 17. september 2018
søndag 16. september 2018
lørdag 15. september 2018
fredag 14. september 2018
Pianisten
du
spelar ein melodi
mot
hjarteveggen min
klubbene
som hamrar
mot
utstrekte strengjer
klangen
fyller rommet
under
taket, vert ein open katedral
vert
eit lydspor for alt
eg
ser og opplever – etter dette
Abonner på:
Innlegg (Atom)


