Viser innlegg med etiketten skog. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten skog. Vis alle innlegg

lørdag 24. oktober 2020

Når vinteren skal sikrast

tunge fottrinn på mjuk mose

ein støvel, ein til 

og jegeren med vaktsame auge

mot skogkanten


vinden er imot, verda er stille

som like etter ein storm

eller like før

ein eksplosjon i miniatyr


metall mot kjøtt, blod mot snø

sveitte, frostrøyk og stive musklar

når byttet skal i hus


livets omskiftelege varme

er aldri så tydeleg som her



tirsdag 7. juli 2020

Fred

gransongaren stirer på meg
frå den grøne greina si
høgt over bakken

eg stirer forarga tilbake,
likar ikkje det stirande blikket
og den stive nakken

eit sleng med hovudet
som i hovmod, ei betrevitande plystring
over kjente tema

så eg går tilbake til stien,
opnar sekken
og tek ut tursjokoladen, ser på den

ei heil plate, smeltande mjuk
mot ganen, ei smertefull glede
tyngjer mot magesekkveggane

hendene skjelv når eg opnar papiret
bryt av ein stor bit
som sakte spreier sin aroma under skyene

resten lukkar eg inne i papiret
tek sats
og slengjer så presis eg kan etter fuglen

han lettar, forsvinn
mellom lauvtunge tre,
igjen kan eg kjenne freden i hjartet


mandag 11. mai 2020

Det dansande huset

dørene skrik på hengslene
karmane knirkar i vinden
veggane bølgjer, taket svaiar
golva syng ein eldgamal song

huset dansar
aleine
i forsommarnatta

utanfor blømer blomane
lenger borte bøyer trea seg innover
dannar ein knudrete mur

hit inn
kan ingen menneske komme
no lenger

det dansande huset
er trygt forvart
i skogen si hemmelege eventyrverd




onsdag 25. mars 2020

Sjå det skjulte

midt i skogen
ser dei fleste av oss skog

andre ser byggeklossar,
ser hus som er gøymde bak bork
og greiner som snart er usynlege

ser dører og vindaugskarmar
listverk og 

snirklete utskjeringar
gøymt i mørket, pakka inn
i flis på flis og sagmugg

somme klappar treet,
og lyset som vert filtrert mot barken

andre klappar
ei framtidig trapp


tirsdag 17. mars 2020

Den blå skogen

lufta kan vere eit hav
sollys som spreidde strålar i det blå

fisken spring med skremte blikk
inn i lauvskogen

her er ein jeger
ei gjedde med gevær
og stålblikk,
støvlar som står stille
på kanten av myra

kikkertauge i natta
stille svømmetak
ut på dei store djupa
og inn i mørket

her er så stille -

tidevatnet vert sila gjennom trea,
dreg dei att og fram
i ei svaiande rørsle

jegeren set seg ned på ein stein,
dreg inn fersk oksygen i gjellene
og avsikrar geværet

ein hjort kjem glidande fram
frå lauvverket


lørdag 16. juni 2018

Grana




midt i den store skogen
stod ei høgreist gran

ikkje noko menneske hadde planta treet
heller ikkje vatna eller stelt det;

ein dag kom ein mann til skogen
og hogg ned den høge grana

han hogg av greiner
og skrapa av barken
og flisa opp all veden

så kokte han flisene
i ei kjemisk blanding
og delte blandinga i to;

den eine halvparten valsa han ut
og cellulosen vart til kvitt papir,
tynt og firkanta og glatt;
det la han i kopimaskina
og over veker og månadar og år
vart papirbunken sakte, men sikkert,
dag for dag – mindre
utan at mannen brydde seg større –

av den andre halve blandinga
laga han finare, meir avansert papir
og trykte på bilete og tal;
snart kunne han leggje fine pengebunkar
trygt i safen
og han brukte resten av sitt liv
på å vakte safen
- sørge for at pengane låg godt…

men skogen fortsette å vekse
og ingen ville nokon gong ta notis
            av stubben
som stod att der grana ein gong stod –


fredag 13. april 2018

Kamuflasje



fly like under radaren
der blikka er brennande varme
utan å nå deg

gli som ein panter langs skogkanten
vere mjuk som snøen
mørk som din eigen skugge

vere like stille som kviskringa i trea
halde fast i luftmolekyla
så inga rørsle kan røpe kven du er

lengte så det knakar i kvar muskel,
håpe at nokon skal oppdage deg
og dele varme med ditt frosne hjarte