Viser innlegg med etiketten tre. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tre. Vis alle innlegg

fredag 16. oktober 2020

Kodearm

i mørket veks frøet til eit tre,

strekkjer sine tynne trådar gjennom molda

lenge før me kan sjå teikn til liv i lyset


så sprekk skalet, og det som lever

trengjer ut og leitar seg fram

til ein stad det kan puste inn og ut

og få næring til alt dette som skal svaie i vinden

etter sin eigen plan

gøymd i frøet


det er sjølve livet som vaknar,

sjølve det som gjer at verda er som ho er

og at ingen av oss, endå

har gløymt korleis fargen grøn ser ut


og frøet murrar fornøgd i draumen

om alt det som snart skal skje

om det berre finn jord og vatn

og får vekse sine koda armar

i fred



søndag 30. august 2020

Skyline natt

skogen skyline
over fjella
ein horisont
auga kan gå seg vill i
og kodelesarane
snuble over
i solnedgangen

tre på tre
og det er på tide
å late att
for natta


tirsdag 28. juli 2020

Mot det gode

rota til det gode
veks oppover mot himmelen
der fuglane syng
høgare enn melodien frå fjella

lokkar med sine lyse tonar,
kom, klatre høgare
i lukka som spirar på denne greina
utan botn

så strekk røtene seg mot lyset
og treet
veks ned i bakken, finn feste
i mold og berg

eg er ein stødig stamme
jordfesta, himmelvendt
utstrekt i alle retningar
kor det gode kan fangast inn


tirsdag 21. juli 2020

Endå skjult

eit digert grønt eple
gøymt i blomen

ei skinande sol, gøymd
i sky av støv
bak auga, inst i hjartet

eit innpakka tre
i frøet, fyller lomma
håp

i vatnet skjult i skya
dampande framtid
i regn
som endå ikkje har falt
tid som endå ikkje
har gått

skal
        endå
                  ikkje
sprengt


onsdag 25. mars 2020

Sjå det skjulte

midt i skogen
ser dei fleste av oss skog

andre ser byggeklossar,
ser hus som er gøymde bak bork
og greiner som snart er usynlege

ser dører og vindaugskarmar
listverk og 

snirklete utskjeringar
gøymt i mørket, pakka inn
i flis på flis og sagmugg

somme klappar treet,
og lyset som vert filtrert mot barken

andre klappar
ei framtidig trapp


fredag 1. juni 2018

Namnet




fortsatt er det nokon som strekk seg
som fortvilte pronomen
mot dei større linjene på arket

veit der er eit namn
dei aldri kan erstatte
og så mange andre
             dei er for store til å nå

likevel
vil dei aldri slutte å strekke seg
etter dette eine namnet
             n-a-m-n-e-t
det som femnar om alt
             dei ikkje klarar å fatte



lørdag 16. januar 2016

Dei tause kjempene



1
dei store kjempene,
stille vaktarar –

held landskapet saman
med langstrakte røter
skjermande blad
og usvikeleg taus soliditet




2
stille kler skogen på seg
den nye drakta

let seg kle i lys
i møte med døden




3
den nakne sanninga,
når glitteret har bleikna
og staffasjen borte –

i vinterdagen står sjela att
avkledd, nølande
søker etter kjelder til lys



(Fototriss)