Viser innlegg med etiketten fjell. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fjell. Vis alle innlegg

søndag 30. august 2020

Skyline natt

skogen skyline
over fjella
ein horisont
auga kan gå seg vill i
og kodelesarane
snuble over
i solnedgangen

tre på tre
og det er på tide
å late att
for natta


mandag 9. mars 2020

Oppover

eg skal gå denne stien
langs fjorden og
i snirklande svingar
oppover dei bratte fjellsidene
heilt til endes

fjorden blenkjer som av gull
under sola som sakte senkar seg
der fjorden glir i eitt med havet og himmelen utanfor

stega mine er endå støe
men eg kjenner mine fjell,
veit dei vil tappe kreftene
frå stadig stivare sener

det er godt eg kjenner kvilesteinane,
dei stødige stadene
kroppen kan lene seg mot
og samle ny styrke

for toppen ventar der framme
og utsikta
som eg veit vil ta pusten frå meg

onsdag 8. januar 2020

Det tåka skjulte

eg hadde gått der mange gongar før
på fottur gjennom forvridde og tause fjellbjørkeskogar
og myrlendt terreng

i fjellsida på kanten av myra
låg det svære kampesteinar,
truleg restar av gamle ras
og isen sine herjingar i landet

akkurat denne morgonen
kom heile myra litt brått på,
for skodda dekka viddelandskapet,
og då den milde austavinden sette inn
og tok med seg tåka til havs,
gjekk det på få minutt

og plutseleg stod eg der
framfor fjellskråninga
og gnei meg i auga

for det var auge som stirra imot
og dei var minst like undrande som mine
og i tillegg noko meir,
ei vag frykt, ein angst for noko ukjent

me delte denne frykta eit par tause sekund,
før steinane igjen fall på plass
og vart berre steinar att

men blikket bar eg med meg vidare

søndag 8. desember 2019

Plass i hjartet



det er eit fjell
i alle hjarte,
ein skråning så bratt
at glepp du taket
rullar du utfor,
ein tinde av dimensjonar
der berre nokre få   
har sjanse til å nå –

i somme hjarte
er veggen nedanfor
stupbratt

i andre hjarte
er det skrånande terreng
og plass til mange,
sjølv om dei aldri vil komme heilt opp –


torsdag 13. juni 2019

Det verkelege

eg kjenner varmen frå pusten din
som ein mild vind
over huda

lastebilane glir gjennom landskapet
langt der nede, som maur
ved foten av fjellet

her oppe 
kor stein møter snø og skyer
er det ingen lydar

verda er ein stumfilm;
det einaste som er verkeleg
er pusten din mot kinnet mitt
og ekkoet av eit bankande hjarte
som slår tilbake
frå auga dine
som stjerneskot

fredag 5. oktober 2018

Eit annleis rike





han som spring over fjella
med bod om glede
ropar ut
vakn opp, du som søv
no er tida for å sove over

eit annleis rike er i emning!



fredag 16. februar 2018

Utfor



sjå bakken og snøen
i kvitauget
seie til seg sjølv:
dette skal gå
dette

kjenne den svake frykta
murre ein stad bak pusten

kjenne den sitrande spenninga
føre deg opp til toppen
igjen og igjen –