det fyk ein snømann
over himmelen
endå ikkje fastsett i forma,
endå som fragment av seg sjølv - ei sky
som kjem svevande innover fjorden
og inn mot dei høge fjella innanfor
der sjølvet vert lyfta mot høgdene
og noko vert forløyst, sett fri
eit regn av snømannbitar
kjem dalande gjennom luftlaga
landar mjukt på plenen min
som ei perfekt fallskjermlanding
den siste biten
før lukka er komplett
er som ei sirkusferd, ein karusell
rundt og rundt på plenen
før snømannen står der
i alt sitt velde,
smiler det breie snømannsmilet
berre ein som har sett verda
frå dei høgaste høgdene
kan smile
Viser innlegg med etiketten snø. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten snø. Vis alle innlegg
søndag 23. februar 2020
onsdag 13. mars 2019
Rekneskap
det er desse tårene
me skal gjere rekneskap for
den dagen snøen smeltar
og auga kan sjå noko vekse
der døden drog kappa si over marka
rekneskapet vil bli hardt
for me har harde hjarte
og viljen er vrang
og orda er som istappar
frå bergnabbane i sjela
og tala i rekneskapet
vil truleg ikkje stemme,
for me bokfører ikkje alt me veit -
me skriv dei raude tala
med så lita skrift me kan
i håp om at sola skal smelte blekket
saman med isen
og late alt renne ut og vekk
så rekneskapet vil bli hardt
for oss som lurar oss unna
våre eigne liv
fredag 4. januar 2019
Vinteren kryp inn
som
eit stille ord beskjeden
utan
krav eller press
legg
vinteren sitt mjuke teppe
over
landskapet
kapslar
oss inn
i
lukta av fråvær, lukta av reinleik
let
oss trø med altfor tunge sko
på
sitt stødige hjarte,
kryp
inn gjennom auga ei
motyting
for
dei mørke kveldane, duse vindauga
tause
kjøkkenkrokane
der
me kan puste ut, kvile oss
til
våren igjen tek tak
og
ristar fart i verda
lørdag 20. oktober 2018
fredag 16. februar 2018
Utfor
sjå
bakken og snøen
i
kvitauget
seie
til seg sjølv:
dette
skal gå
dette
må gå
kjenne
den svake frykta
murre
ein stad bak pusten
kjenne
den sitrande spenninga
føre
deg opp til toppen
igjen
og igjen –
fredag 22. januar 2016
Audmjuk snømann
utan
ord,
bøygd
under tyngda
av
sin eigen fjorgjengelegdom
står
han sine kvadratmillimeter
i
stille undring;
tenkjer
på dette underlege
at
ut av snøen, nærast tilfeldig
rullande
over snødekt mark
steig
ein kropp, fekk form
fekk
armar og hovud og ansikt,
vart
stilt fram som eit under:
her,
slik, ein snømann!
blant
andre milliardar snøfnugg
og
endå fleire vassmolekyl
vart
det altså han som fekk sjansen
og
no, utan eit ord
sig
han saman under tyngda
av
dette ansvaret, denne plikta;
vere
eit eksempel for sin art,
eit
bilete brent i barnesinna:
så
er det altså slik ein snømann er –
Abonner på:
Innlegg (Atom)
