lørdag 30. juni 2018
fredag 29. juni 2018
torsdag 28. juni 2018
onsdag 27. juni 2018
tirsdag 26. juni 2018
Tyngda av eit håp
den omvendte tyngdekrafta
i smila som smeltar mot auga
eit varmluftshjarte som løftar seg
mot
nye høgder,
kjenner
trykket frå tusen tapte draumar
lette,
som bølgjer
frå sommarfuglvengjer
set
denne dagen i sving, dette pustet
vert
ein storm på andre sida av fjella
ein
standard for vidare tenking
om
deg
mandag 25. juni 2018
søndag 24. juni 2018
lørdag 23. juni 2018
fredag 22. juni 2018
Eit ord i ørkenen
eg
såg ordet
opne seg mot verda
det
opne ordet
midt
i ei ørkenstille verd
nake
og lite
falt
ordet til bakken
uttært
og ynkeleg
i
si leiting etter ein heim for tanken
eit
øyre det kunne bu i
i
ei verd av stein og sand
var
ordet ein oase,
endå
ope, endå friskt, endå
glødande vakkert
for
dei som våga å høyre
torsdag 21. juni 2018
onsdag 20. juni 2018
tirsdag 19. juni 2018
Dei tause barna
utanfor
mi eiga komfortsone sit
ei
einsam jente
på
ein benk i eit bur
auga
lengtar etter varme
huda
lengtar etter trygge hender
kroppen
frys
sjela
frys
rundt
står skogar av soldatar
og
byråkratar
med
våpen og nøklar
og
attstengde hjarte –
kven
stengjer barna inne
som
dyr
kven
vrir om nøkkelen – seier
god
natt på eit framand språk
–
kven orkar møte eigne auge
etter
dette –
#hjarte
Ta vare på hjartet framfor alt, for livet går ut frå det. Slik står det i ordspråka i Bibelen, og det er eit ordspråk eg gjerne skulle delt med alle byråkratar og politikarar og militære i USA akkurat no. I går kunne vi lese i avisene at USA dei siste månadane har skilt nærare 2000 barn frå sine foreldre etter at dei har kryssa grensa til landet ulovleg. Dette er ein umenneskeleg politikk, og eit overtramp av dimensjonar. Historia kjem til å døme Trump-administrasjonen for dette. Likevel - det hjelper så lite å sjå dette i eit historisk lys, all den tid styresmaktene øydelegg tryggleiken og tilliten og behovet for sine foreldre hos så mange barn. Akkurat no. Heldigvis er der no sterke stemmer som tek til motmæle. Eg ber om at dei må vinne fram - i dag.
Abonner på:
Innlegg (Atom)

