Viser innlegg med etiketten lengt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten lengt. Vis alle innlegg

torsdag 22. oktober 2020

Det du ville du skulle ville

du trudde at du lengta

etter noko å lengte etter

som ein dans inni ein dans

eller å synge om ein sang

frå eit hjarte for eit hjarte i eit hjarte

utan å vite at det du vil

er noko heilt anna


du vil synke stille inn

i andre armar, senke hjarterytmen

koordinert med ein større vilje

leggje av børa du ber

og berre vere den du ville vere

viss du var den du er


tirsdag 20. oktober 2020

Vår ven lengt

dette som bur i meg, og i deg

denne lengten me aldri kan setje ord på

berre leve med, side om side

lik ei sidevogn på livets motorsykkel

 

lengten som står og vinkar til oss

og ynskjer oss lukke til med dagen

når me traskar ut porten, endå

med søvnen som blindpassasjer i auga

 

lengten som sit og ventar på oss

stirar ut vindauga

og stadig vekk kikkar på klokka

 

lengten som opnar inngangsdøra

og smiler oss i møte

når me glir inn på tunet og stig av

dei usynlege hestane

 

lengten

som bur der me bur

og er der me er

og alltid sit og smiler sløvt

når auge møter auge over middagsbordet 


å, lengt, kan du vere eit tau

som bind oss fast

i dette sekundet?



lørdag 19. september 2020

Smak av jern

verda er ein blikkboks

skarpe kantar kuttar huda

i parallelle mønster

 

alle lydar er ein boge

frekvensen rett over middels

og det ufattelege strekket

mellom det eg veit

og det eg burde visst

aukar med lysår kvar gong

du lyfter auga

og møter mine

 

det er ein brønn, eit djup

å falle inn i

ein lengt som borar gjennom sjela

 

alle dagar stirar eg over kanten,

aldri kan eg kjenne anna

enn smaken av mitt eige blod

 

 

torsdag 17. september 2020

Skal skal ikkje

to par nevar
- noko som ikkje er nevar
men eit blankslipt knivblad
av noko anna
enn metall

sakte roterer dei
midt i hjartet mitt,
gjer tilfeldige utfall
når eg minst anar det

skal
skal ikkje
og du

endå du ikkje veit det
er det du som er sjølve rommet, du er lufta
du er golvet og veggane
og kjensla av å vere i eit rom

så går hendene laus på kvarandre
og eg kjenner smerta
som eit usynleg knivstikk i auga
når du går frå meg

svinsande nedover vegen
som om lufta er full av konfetti
medan det som fell
er mitt eige, fresande blod


fredag 4. september 2020

Kløe

slik kan det klø i fingrane
som ein liten centimeters
klaring
mellom meg
og det eg lengtar etter

senene som strekk seg
musklane som trekk seg
saman
og heile armen dirrar
av denne viljen, kløen
etter å nå

fram

og lyset i auga
får dobbel styrke
utan at det hjelper




onsdag 8. juli 2020

Alt er ope

regnet opnar bakken
som i ei glidelåsglidande rørsle
ligg alt ope, 
me kan sjå like inn i det varme hjartet
som ligg der og pulserer,
spyttar varme bekkar rundt i terrenget,
løftar lengten opp mellom trea
som usynleg utpust

alt er ope
så me opnar oss i ekkoet, løftar ansiktet
midt i denne straumen av vatn
som ikkje har noko retning,
berre avstand

let beina gli vekk frå trygge vegar,
let hendene finne nye hender
og blikka ferske blikk
på andre sida av vulkanen



lørdag 4. juli 2020

Blikket er ein vind

så rart å vere fastlimt
til blanke ark

halde auga fast på papiret
vri seg til alle kantar
undre
ser du? ser du?

løfte seg opp
etter alle fire hjørne
og blåse seg sjølv
inn alle brevsprekkar
i eit rasande håp
om å til slutt treffe

deg


fredag 3. juli 2020

Sommarfugl i hjartet

det bur ein sommarfugl i hjartet mitt
ei mjuk venge      som lengtar
etter luft, oppdrift, draumar
den kan fly rundt i
tankar den kan fargeleggje
utan distraksjonar        ja, det bur
ein sommarfugl
i hjartet mitt, eit frø som vart planta
og vatna, ein lengt som har vakse seg stor
i denne jorda
der sommarfugllarvar kan kapsle seg inn
og kapsle seg ut
som svevande ord
i eit univers fylt av meining, det

bur ein sommarfugl i hjartet
ditt, ein som verda ikkje kan sjå

og berre du
kan setje den fri


tirsdag 23. juni 2020

Ei tid som var

store sirklar av metall
rundt det som ein gong var eit liv
utan frykt

no sperra inne
bak gullfarga gitterstenger, kjetting
i stramme løkker

hjartet heng endå fritt

auga fangar inn sommarfargar
alle lydar får dobbel botn

og bak det heile
denne stille tikkinga frå ei klokke
ufrivillig plassert i tette ankelband

ein lyd frå ei tid som var,
eit drag mot ei sommarstille
alle fibrar i kroppen vert trekt mot

og me veit
det er det
som er heime



onsdag 17. juni 2020

I byen

viss du aldri, eit lite sekund, er i tvil
om du vert sett, om tida er knapp
og går gjennom byens gater med stil
eit svinsande sus i kvart hjarteklapp;
smiler ditt innfule smil for kvar mil
og klatrar med andre sin lengsel som trapp
då smeltar de saman; til tonar og notar; ein sang
som asfalt, som murpuss, som klokkerein klingande klang


tirsdag 2. juni 2020

Nære sjela

det ulmar i jordmørket,
ein tærande brann - ein lengt
etter substansar, frø, fylde
noko som kan vekse
vide ut dei små romma
fylle dei med meining

eit brummande rop i natta,
kom, len deg nærare hjartet
la oss falle inn i kvarandre sin rytme
fylle ut
det som manglar i oss sjølve

len deg nærare sjela,
opne opp dei ytste laga
og dei innanfor
og dei innanfor det igjen
til det inste deg ligg nake og bart
og me kan møtast
utan masker, utan skodespel, utan redsle

hald dei nakne sjelene
i mjuke hender
kviskrar det frå jordmørket
kom, la oss dele varmen i dette ordet
og aldri slokne --



fredag 22. mai 2020

Lyse i fråvær

det ville i deg
brenn
som flammande logar
over det store havet

du vil kjempe det gjennom
leie det fram
til sin rette plass

vere den som rettar opp
reddar, plukkar saman
byggjer
held

strekk armane mot alle båtane
men i møte med vatnet
sløkker elden -

berre i det kalde fråværet
kan du lyse mot natta,
ei smerte 
du kan bere

fordi du må

torsdag 21. mai 2020

Resept

ingen kjenner innsida
av den andre si lengt,
lukta av redsle som heng til tørk

dagar med sol i strenge porsjonar,
regn i millimeterbeger
på ei hylle

netter med skriket frå ein nattergal
om att og om att
som eit lydspor i loop

ingen kjenner utsida
av det som berre vidar seg ut 
i det tomme verdsrommet, det som vaknar
først når du har gitt opp --

det fulle volumet av ein regndråpe,
med plass til alt du veit
og alt du burde vite




fredag 15. mai 2020

Pust mot kinn

auge bak veggar av glas
fottrinn i grus, ein knusande lyd
knapt høyrbar

ein pust
mot eit kinn
opne auge
i forventing

noko meir
vil kome
hjartet kan kjenne det

at tida strekk seg
at verda opnar seg
at blomar blømer
nett når dei skal

og pust møter pust
varmt mot varmt
ein front på veg inn mot hjartet,
flyttar inn, fyller plassen

kor du aldri må gå --
grip det, hald det, ikkje slepp det
nei, aldri!



fredag 1. mai 2020

Hud som brenn

verda kler på seg mai,
sveipar seg i grøne skot
og solfylte flekkar

let seg senke ned i det blå,
eit djupdykk i eigne håp, eigne draumar --

på djupet, der pusten ikkje kan trekkast
og lengt er ein kapsel å bu i

så bryt ein overflata
sug til seg alt verda har å by på
og ler mot varmen i sola

slik møter eg denne dagen
slik vaknar eg og går ut på det spirande graset
med berre føter og hud som brenn
etter deg


lørdag 25. april 2020

Gjennom sildrande regn

kva har du gjort
med hjartet mitt?

desse tunge skyene
den grå skodda, alt
regnet - alltid dette sildrande regnet

tenkte eg
og sank ned
i mismot

til du sendte meg eit nytt smil
lik det du sende ein gong før

og sola stråla opp
og alt regnet
        som vætte jorda
gav næring til dei små frøa
og alt berre bana seg veg
ut i lyset
og spira

som ein eksploderande vår --


onsdag 22. april 2020

Om du oppdagar lyset

nokon ser inn vindauget mitt
og eg vil
at det er du

som ikkje klarar å styre unna,
legg vegen stadig nærare
heilt hit

kor lyset frå vindauga mine
vert ein sti
frå vegen

som er berre din, den du går
kvar einaste dag
ein time, eit år, eit liv

til du svingar av og fylgjer lyset
over plenen
og heilt fram til vindauget, ser inn

der eg er og ser tilbake, smiler
mot deg, opnar auga
opnar døra

slepp deg inn i varmen, det er her
du høyrer til
om du berre vil oppdage lyset


lørdag 4. april 2020

Smerteglimt

det finst ting
      som ikkje let seg endre

alle desse veggane
og dei små vindauga
med utsikt til verda

auge som ikkje kan tolke
glimta av lys
reflektert frå smil og tårer

ei vedvarande smerte
for den altoppslukande lengten
etter nærleik


onsdag 1. april 2020

Alltid noko

alltid noko å strekka seg etter,
noko som er der ute
like utanfor
rekkevidde

alltid noko å sjå etter,
noko som forsvinn
når eg vender auga
i den retninga

noko å vente på, noko å lengte etter
noko som held seg
nokre få centimeter
unna medvitet mitt

alltid noko å rømme ifrå,
noko som er der ute
like før, like utanfor
meg sjølv


lørdag 7. mars 2020

Tomme gater

eg går her i gater
utan deg
ser i vindauge
utan deg, berre
tomme fasadar
grå skydekke, kald asfalt
einsame tankar i einsame hjarte
å kor einsamt eit hjarte
som lengtar
etter deg
i desse gatene

her eg går
utan andre tankar i hovudet
enn deg og den du var
i går
då du smilte før du sovna
og eg sovna med dette smilet
i auga

og no
går eg her
gjennom tomme gater
utan deg

--

så svingar eg inn i gata vår
og ser lyset i kjøkkenvindauget
veit du er der inne, ventar
tek meg imot
med det same smilet,
veit at all min lengt vil finne si hamn
når eg opnar døra
og stig inn i varmen