Viser innlegg med etiketten nærleik. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten nærleik. Vis alle innlegg

tirsdag 2. juni 2020

Nære sjela

det ulmar i jordmørket,
ein tærande brann - ein lengt
etter substansar, frø, fylde
noko som kan vekse
vide ut dei små romma
fylle dei med meining

eit brummande rop i natta,
kom, len deg nærare hjartet
la oss falle inn i kvarandre sin rytme
fylle ut
det som manglar i oss sjølve

len deg nærare sjela,
opne opp dei ytste laga
og dei innanfor
og dei innanfor det igjen
til det inste deg ligg nake og bart
og me kan møtast
utan masker, utan skodespel, utan redsle

hald dei nakne sjelene
i mjuke hender
kviskrar det frå jordmørket
kom, la oss dele varmen i dette ordet
og aldri slokne --



søndag 11. januar 2015

Utan anker




slik, i kveldslyset
             resten av verda viska vekk
det er på denne måten
vi kan nærme oss kvarandre
- trekke inn ankera,
la båtane drive nærare
nærare
til alt som skil oss
er det som hindrar oss
i å knuse kvarandre