hjartelengten
over djupet
er
eit springbrett
for
dei store draumane,
dei
som snirklar seg som røyk
under
isen
under
vatnet
under
botnslam og sjølve grunnfjellet
der
nede
i
dei varme straumane
kan
dei vekse seg formidable
og
finne si form,
før
dei igjen stig som bobler
mot
overflata
sprengjer
seg opp gjennom isen
og
fløymer inn som ein vår
over
auga

