vekta
av deg i armane mine
medan
eg bar deg rundt
dei
nettene du vakna - skrikande
ei uro som måtte finne svar
hos meg
vekta
av deg i armane mine
dei
dagane du sovna
medan
eg heldt deg tett inntil
og
det var berre du
i
heile verda
vekta
av deg når eg lyfta deg
opp
frå vogga, opp frå golvet, opp på stellebordet
bleie
av bleie på
og
så lyfte deg ned att, ut
på
ein ny ekspedisjon – bort frå meg
vekta
av saknet i hjartet mitt
er
ei fantomsmerte, tilsvarande stor
vekta
av det tunge, sovande hovudet ditt
mot
brystkassa mi

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar