det
gjer ikkje noko
om
ein snur seg etter vinden
så
lenge ein snur seg
etter
den rette vinden
til
riktig tid – og
let
hjartet kjenne varmen
og
let orda som vert kviskra
i
den svale brisen
smelte
saman med djupet i auga
slik
at ein ikkje vender seg
ustadig
i skiftande småblåstar,
men
vender seg berre
dit Anden leier –

