Viser innlegg med etiketten Anden. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Anden. Vis alle innlegg

fredag 31. august 2018

Snu seg etter vinden




det gjer ikkje noko
om ein snur seg etter vinden

så lenge ein snur seg
etter den rette vinden
til riktig tid – og

let hjartet kjenne varmen
og let orda som vert kviskra
i den svale brisen
smelte saman med djupet i auga

slik at ein ikkje vender seg
ustadig i skiftande småblåstar,
men vender seg berre
dit Anden leier –







onsdag 30. mai 2018

Eit kjølig hjarte #2



som ein usynleg pust
svevar Anden over ørkenlandskapet

kjenner dei knuste ruinbyane ved namn
og kjeldene som ikkje lenger gir vatn

flyr over avsvidde skogar,
sletter og fjell
fyller dei tomme katedralane
            med lys

puslar saman attgløymde vrak,
reiser opp det som har falt saman

som ein usynleg pust
kjem Anden med regn over ørkenen

pustar liv i tomme auge,
let gatene fylle med song –