som
ein usynleg pust
svevar
Anden over ørkenlandskapet
kjenner
dei knuste ruinbyane ved namn
og
kjeldene som ikkje lenger gir vatn
flyr
over avsvidde skogar,
sletter og fjell
fyller
dei tomme katedralane
med lys
puslar
saman attgløymde vrak,
reiser
opp det som har falt saman
som
ein usynleg pust
kjem
Anden med regn over ørkenen
pustar
liv i tomme auge,
let
gatene fylle med song –

