det
er så mange horisontale linjer
å
passere;
den
første samansmeltinga
den
første kryssinga
ut i lyset
orda
som fell på plass –
og
til slutt
den
siste streken
ut i det store, ukjente;
heile
vegen
klamrar
eg meg fast
til
denne eine vertikale linja
som
ikkje raknar i stormen
eller
knekk under vekta
av
alle mine feilsteg
denne
linja som startar
akkurat
der eg er
og
endar i ein annan dimensjon;
forankra
i eit kors, ei trone, eit farshjarte
ei
sikringslinje å berge seg ut med
når
alt anna –
sjølve
universet –
har
stoppa opp
