eg
er ein fotball
eg
er rund
og
trillar dit du vil
-
eigen vilje
har
eg ikkje,
eg
er fornøgd med graset
og
likar å sveve
når
du held meg fast
med
seige hanskar
drøymer
eg om svevet
og
landinga i nettet
når
eg ligg i nettet, stille
drøymer
eg om foten
og
graset og farta,
at
nokon skal komme springande
og
sparke meg langt av stad
alltid
har eg denne lengten
etter
å vere ein annan stad,
for
sjølv om eg er kvit
og viljelaus
har eg også mine mørke felt –
