den store elva
med alt dette vatnet
som berre renn og renn,
denne elva av minne
og
tankar og tid og materie,
denne
elva
av
alt som er meg
den renn og renn
tømmer meg bit for bit
til
det til slutt
ikkje
vil vere meir å hente ut;
eg
vil vere tømt
og
borte –
eg
kviler i det eine håpet,
den
eine trua
dette
eine
at
der elva endar
vil
det vere eit hav
som
fangar meg opp,
eit
hav som kjenner namnet mitt
og
er mi byrjing og ende
eit
hav der alle bitane
av
det som ein gong var
vert
samla saman
til
ei betre utgåve
av
meg sjølv