Viser innlegg med etiketten mørke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mørke. Vis alle innlegg

torsdag 15. oktober 2020

Berre sjå

alt det som er svart i hjartet gøymer seg

for solstrålane og blikk og dei mjuke orda

som trugar med å avsløre, avdekke, legge alt ope og nake

for verda

 

det er ei smerte i alt som er godt

for armane held fast, også i møte med døden

og ingenting kan rive laus det som er festa

med anker som held   -    men lysta til det onde

herjar bakanfor, i gøymsla

der eg trur ingen kan sjå --


likevel er det auga som heng på meg eg ser

og blikket som smeltar og tærer bort alt

det som ikkje skal vere der


sjå, barn, sjå

og gløym deg sjølv


i møte med lyset

vert skuggane sky og flyktar, vert usynlege

for den som berre har auge for sola

usynlege

for den som har ansiktet vendt mot lyset


så sjå, berre sjå



fredag 11. september 2020

Variasjonar over noko mørkt

lyset svingar utanom

i store bogar, let etter seg

spor i den mørke molda


her var det ein gong eit lys

kan me lese, og alle skjønar og ser

det me nektar å seie med ord


og medan orda smuldrar ubrukte bort

smeltar lyset gjennom huda og innover 

til mørke krokar i samvitet    --    det er så forsvinnande likt

dette mørket

og det me såg oss blinde på

medan bombene fall

over fjernsynsskjermen


no står berre ruinane att av det

som aldri vart anna enn eit håp,

og moria var ikkje det lova landet

men ei hengemyr for hjarte

som trudde dei nådde fast grunn


så sank mørke gardiner over landet

og lyset svinga utanom

let etter seg spor i molda

etter barneføter, og spora vart dammar

fylte med tårer



fredag 10. april 2020

Inn i mørket

eg er edmund
med bøygd nakke
og ei erkjenning av skuld
som ei bør tyngre enn verda
på skuldrene

du er aslan
den stolte, store
som med opne auge møter mørket
og let deg senke
av svakare hender

til slutt er det du
som vil stige opp i strålelyset
og løfte meg med deg
ut av grava

i mørket er det vanskeleg
å sjå det komande lyset,

men du ser
og det er nok 
for meg


fredag 8. november 2019

Stråle frå svart

eit rektangel utan botn,
veggar som strekk seg vidare
         der horisonten stoppar

ei opa flate
av kvikksand
alt som passerer tunga
forsvinn i mørket

sporlaust flyt blekket rundt i natta
på jakt etter form og flate,
ein kniv som kan forme
søker hammar og meisel og støypeskei -

for det opne, smelta hjartet
lengtar etter samla pupillar;
at nokon skal sjå
og forstå
og lage elektriske gneistar av alt det svarte



tirsdag 17. september 2019

Morgonen kjem

kunne eg berre vere
som eit bilde av meg sjølv
måndag morgon -

det er ikkje huda som anar frykta
eller auga som kjenner smerten
av å gå to meter bak seg sjølv
og vere eit stille vitne

for éin veg må eg gå
same kor lenge eg nøler
og morgonen kjem
same kor store skuggane veks seg

og lengten etter konsistens
stig med morgonsola
ein tidleg måndag morgon,
og lengten etter å passe inn
i meg sjølv
er konstant


lørdag 30. desember 2017

Ingen ser oss



ingen ser oss her nede
under vårt solide teppe
av tette skyer

sola har slokna
stjernene bleikna
ingen måne lyser opp natta
- den uendelege natta
i landet mellom fjella

her kviler ulvane
her brøler løvene
her går vi på tå;
for ingen høyrer
vår redde kviskring i natta

kor vart det av lyset?
kor vart det av håpet
og lengten og gleda
over å kjenne
seg elska?

alt er gløymt
under dampen frå vår eigen pust
og draumane er kvite, tomme ark
her

i landet mellom fjella
der bøkene støvar ned
og ingen lenger løftar hendene
mot det veldige ukjente
der oppe


mandag 11. desember 2017

Eit lys i verda #11



i nattemørket lyser orda dine opp
som ein stige mellom meg og Himmelen

der eg kan klamre meg fast
late hjarterøtene sno seg som ein klatreplante

opp til deg