fredag 11. september 2020

Variasjonar over noko mørkt

lyset svingar utanom

i store bogar, let etter seg

spor i den mørke molda


her var det ein gong eit lys

kan me lese, og alle skjønar og ser

det me nektar å seie med ord


og medan orda smuldrar ubrukte bort

smeltar lyset gjennom huda og innover 

til mørke krokar i samvitet    --    det er så forsvinnande likt

dette mørket

og det me såg oss blinde på

medan bombene fall

over fjernsynsskjermen


no står berre ruinane att av det

som aldri vart anna enn eit håp,

og moria var ikkje det lova landet

men ei hengemyr for hjarte

som trudde dei nådde fast grunn


så sank mørke gardiner over landet

og lyset svinga utanom

let etter seg spor i molda

etter barneføter, og spora vart dammar

fylte med tårer



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar