mandag 14. september 2020

Vinden fortel

vinden kviskrar
si verdsvide soge
om land
me ikkje har sett

kviskrar i natta
bles sitt stille sus i trea;
bøygde tolkar
ristar luftige soger
inn i berget

det som går i berget
vert verande
som endå ei setning
på ei tusenårig forteljing


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar