mandag 31. desember 2018
lørdag 29. desember 2018
torsdag 27. desember 2018
mandag 24. desember 2018
Himmelskipet #24
så
opnar skaparen auga
frå
innsida av sitt eige verk
studerer
verda med nye auge
utan
den naturlege nærleiken
Han
kjente frå det evige
eit
nytt filter
avgrensa
av kjensler og nevron
vert
lagt over auga
hjartet
pumpar livet i kroppen
og
fyller den med nye erfaringar
gjennom
auge øyre hud og smak
-
så
er skaparen på innsida
i
gang med å lage ein sikker veg ut
for
alle
Etiketter:
advent,
advent 2018,
frelse,
jul
søndag 23. desember 2018
Himmelskipet #23
ei
reise frå himmel til jord
i
eit skip me ikkje kan sjå –
gjennom
elektromagnetiske straumar
og
naturlover,
på
tvers av det moglege
tilfører
du verda deg sjølv
for
oss er det ufatteleg
så
me seier: du kom til jorda
skjønt
det at du reiste frå noko
truleg
er eit større offer
enn
det du kom inn i
så la du himmelskipet til kai
i vår skadeskotne verd
og steig i land
som den svakaste av dei svake
-
då du reiste attende til ditt rike
utanfor
tida
let
du skipet stå att – som ei redningsbøye
me
kunne klatre om bord i
og
fylje etter gjennom ukjente farvatn
Etiketter:
advent,
advent 2018,
frelse,
jul
lørdag 22. desember 2018
Himmelskipet #22
alle
puslespelbrikkene må passe saman
skal
bildet bli heilt
det
nyttar ikkje å lage ein kjetting
med
manglande ringar midt på –
å
arrangere sin eigen fødsel
krev
heilt andre ting enn det som er logisk
eit
esel
ein
snekker
ei
ung jente med store draumar
og
ukueleg livsmot
ei
reise
ein
stall
eit
nøyaktig samantreff
av dei rette himmellekamane
og
ein flokk fattige gjetarar
som
vitne til det heile
kanskje
ville me gjort det annleis
men
det fungerte –
fredag 21. desember 2018
Himmelskipet #21
den
rette tida
mellom
skaping og undergang
er
for deg eit punkt på ei linje
og
alle andre punkt kjem før eller etter
for
oss
er
tida ein elvestraum
gjennom
universet;
riv
oss med
ustanseleg og vill
alt
me passerer
på
vår eiga reise
gjennom
rommet
er
den rette tida – her og no
det
større perspektivet
der
du held begge endar
av
tidslinjestykket
er
eit mysterium for stort til å fatte
for
stort
til
å protesteretorsdag 20. desember 2018
Himmelskipet #20
bodberar
med ord om håp
syng
din song no, i natta!
syng
desse orda
som
smeltar sinnet
let
fortvilinga fly ut i natta
på
luftige vengjer
syng
no, profetar
om
dagar som kjem – dagar
timar
og minutt og – år
med
gleda som ein dansande melodi
i
auga
å
syng, no, å – dans!
kom
med dei gode orda, glimta
frå
ei anna verd
om
frelse og utfriing og
håp ja
-
håp - !
i
alt det håplause
onsdag 19. desember 2018
Himmelskipet #19
Skaparen
har ein plan
skjult
for oss i vår blinde naud
her
er mysteriet skjult det heng eit
teppe
mellom
tronerommet og oss
me
ser skuggar og vage refleksjonar
me
ser historia som tikkar gjennom rommet
og
våre stille protestar
talar
til døden sine døve øyre –
men
bak teppet bankar eit hjarte
ein
utrøysteleg kjærleik brenn i auga;
ein
Skapar som lengtar
så
hjartet vil breste
og
planen, den einaste vegen
mot
soning, forsoning, fellesskap
veks
fram
alt
før dei første protona fanst til –
tirsdag 18. desember 2018
Himmelskipet #18
ein
lengt etter vatn
i
den tørre ørkensanden
her
sit ei mor og ser
sine
eigne barn
svelte
i hel
medan
sola brenn
ingen
håp om redning
er
i sikte
ville
ho ikkje utan å nøle
ofre
sitt eige liv
om
ho visste
for sikkert
det
ville gjere ein forskjell
og
berga liva
til dei små?
endå
de er vonde, seier Skaparen
ville
de gitt og gitt
kvifor
skulle då ikkje eg -mandag 17. desember 2018
Himmelskipet #17
livet
i det aude landet
er
eit liv i minimumsmodus
gledene
kjem i porsjonar
og
kjærleiken kjem
med mørke baksider
godviljen har sin motsats
i
uviljen, og gniaren
er
den gåvmilde sida – om natta
alle
utvegar er samtidig ein blindveg
og
alle stiar me går
endar
til slutt
i molda
søndag 16. desember 2018
Himmelskipet #16
så er porten stengt
for alltid
vegen attende
er
ein veg som ikkje finst
kvar
minste sti me må trø
er
ein sti som fører lenger vekk
lenger
ut lenger ned
lenger
inn
i
mørket –
tankane
klabbar seg til
vert
ei tåke mellom oss
og
verda
berre
dette vesle ordet, løftet
om
ein som skal knuse mørket
ber
oss fram
lørdag 15. desember 2018
Himmelskipet #15
det
store fallet
me
aldri vert ferdige med
set
sine spor
langt
inn i draumar og lengslar
håp
og kjærleik og ord om fred
det
store vegvalet
der
lyset måtte vike for mørket
og
me alle vart leia inn på ein veg
me
aldri kjem oss vekk frå
utan
gjennom død og eld
og
fortaping
konsekvensar
ikkje
snakk om konsekvensar
for
me kjenner dei alle
så
inderleg vel
på
kroppen – spora
av
alle våre mislukka forsøk
på
å bygge opp att brua som brann
alle
våre nederlag alle våre sukk
mot den tause stjernehimmelen
og spørsmålet
som brenn på botnen av hjartet;
har du for alltid støytt oss bort –
Abonner på:
Innlegg (Atom)



