torsdag 13. desember 2018

Himmelskipet #13

så reiste skaparen det skapte
opp frå molda

sette det på to bein
knipsa i gong det første nervesignalet

plastra det saman med hud
og pusta livet inn i nasa

-

så sette skaparen det skapte
fri

let det røre seg fritt gjennom skogane
og finne gleda på eiga hand

-

så gledde skaparen seg over latteren
og jubla over smila

og kjente refleksbølgjene frå fryden
over kvar nye oppdaging

-

så var skaparen fornøgd
og angra ikkje sitt forsett;

ein robot kunne aldri tilført
denne tidlause, plutselege og uvarsla gleda –


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar