frå
innsida av sitt eige verk
studerer
verda med nye auge
utan
den naturlege nærleiken
Han
kjente frå det evige
eit
nytt filter
avgrensa
av kjensler og nevron
vert
lagt over auga
hjartet
pumpar livet i kroppen
og
fyller den med nye erfaringar
gjennom
auge øyre hud og smak
-
så
er skaparen på innsida
i
gang med å lage ein sikker veg ut
for
alle