i
eit skip me ikkje kan sjå –
gjennom
elektromagnetiske straumar
og
naturlover,
på
tvers av det moglege
tilfører
du verda deg sjølv
for
oss er det ufatteleg
så
me seier: du kom til jorda
skjønt
det at du reiste frå noko
truleg
er eit større offer
enn
det du kom inn i
så la du himmelskipet til kai
i vår skadeskotne verd
og steig i land
som den svakaste av dei svake
-
då du reiste attende til ditt rike
utanfor
tida
let
du skipet stå att – som ei redningsbøye
me
kunne klatre om bord i
og
fylje etter gjennom ukjente farvatn
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar