Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg

mandag 24. desember 2018

Himmelskipet #24

så opnar skaparen auga
frå innsida av sitt eige verk

studerer verda med nye auge
utan den naturlege nærleiken
Han kjente frå det evige

eit nytt filter
avgrensa av kjensler og nevron
vert lagt over auga

hjartet pumpar livet i kroppen
og fyller den med nye erfaringar
gjennom auge øyre hud og smak

-

så er skaparen på innsida
i gang med å lage ein sikker veg ut
for alle



søndag 23. desember 2018

Himmelskipet #23

ei reise frå himmel til jord
i eit skip me ikkje kan sjå –

gjennom elektromagnetiske straumar
og naturlover,
på tvers av det moglege
tilfører du verda deg sjølv

for oss er det ufatteleg
så me seier: du kom til jorda
skjønt det at du reiste frå noko
truleg er eit større offer
enn det du kom inn i

så la du himmelskipet til kai
i vår skadeskotne verd
og steig i land
som den svakaste av dei svake

-

då du reiste attende til ditt rike
utanfor tida
let du skipet stå att – som ei redningsbøye
me kunne klatre om bord i
og fylje etter gjennom ukjente farvatn



lørdag 22. desember 2018

Himmelskipet #22

alle puslespelbrikkene må passe saman
skal bildet bli heilt
det nyttar ikkje å lage ein kjetting
med manglande ringar midt på –

å arrangere sin eigen fødsel
krev heilt andre ting enn det som er logisk

eit esel
ein snekker
ei ung jente med store draumar
og ukueleg livsmot
ei reise
ein stall
eit nøyaktig samantreff
            av dei rette himmellekamane
og ein flokk fattige gjetarar
som vitne til det heile

kanskje ville me gjort det annleis
men det fungerte –



tirsdag 26. desember 2017

Rommet mellom



ein avstand så lang
som tusen lysår
før mellomrommet
så vidt begynner

ei æve i forskjell
mellom meg og Deg;

stjerna på himmelen
viste veg til ei bru,
solid for skjelvande føter
stødig for svimlande hjarte
trygg for oss redde små

og rommet mellom
vart mindre og mindre
krympa
under vekta av blikket ditt
og handa
du strekte mot meg


lørdag 19. desember 2015

Jul



noko veks fram
i det konsentrerte rommet
mellom oss

usynlege band i vekst,
blikk og glade ord
som små bruer

vi gjer dette felles
og noko veks, vert  sterkare;
resultatet elles er ikkje relevant –




med blikket utover
mot stjernehimmelen

og blikket nedover
langs historielinjene

veks ei visse fram i hjartet
som ei spegling av noko usynleg;

dette barnet i krybba
kom også for mi skuld





det er draumen
at verda skal møte oss
kamuflert, staseleg kledd
som ei betre utgåve av seg sjølv

likevel, eit vestlandshjarte veit
at det er regnet, den ærlege sanninga
om enn mørk og fuktig og rå
som teiknar det verkelege biletet av jula

idyllen er eit ferniss,
under det heile ligg årsak og verknad;
at barnet i krybba måtte komme
og bar med seg draumen djupt i hjartet –