vi
er alltid mellom
før
og snart,
ein
stad på den lange tråden
som
er trekt
frå
skaping til undergang
og
våre eigne bitar,
som
små gen
på
det enorme kromosomet,
utgjer
ei forteljing
så
stor
at
berre den som til slutt kan
vikle
opp tråden
vil
forstå
heilskapen
sjølve
er vi på reise
frå
før til snart,
og
skriv med det
vår
eigen vesle bit, og er
per
no
vel
fornøgd med det –