Viser innlegg med etiketten historie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten historie. Vis alle innlegg

fredag 13. november 2020

Redusert til ingenting

 

dei som vandrar oppned over måneflata

og set seg på kraterkanten, kikkar

ut i det store svarte

ser jorda segle likegyldig forbi

som om ingenting har hendt


berre det blå og det grøne og det kvite og det brune

i stille sirkulasjon

tømt for meining, tømt for ord og hud


kanskje er der ein napoleon, eller ein viking

ein holemann, ein dinosaur, ein einstein, det

er ikkje godt å seie

for alt det menneskelege er redusert til ingenting

på denne avstanden


det er så herleg stilt

seier den eine

og den andre nikkar, tømmer kaffi i kruset

og sukkar fornøgd


tirsdag 1. september 2020

Oppsummert

kolon

lys
liv
pust

noko som tuslar
og fell

noko som reiser seg
mot månen
søker sitt eige opphav,
skrapar på glatte murveggar

semikolon

død
liv
lenkjer som brest

noko som tuslar
nye vegar

punktum

og alt etter


onsdag 12. august 2020

Ein usynleg song

det stig ein usynleg song
frå dei vide myrene
der menneske har gått      generasjon etter generasjon
og velta torv, drenert, pløygd marka

sett sine spor i landskapet
som er så ubarmhjertig
mot slitarar av alle slag;

i hundre år kan plogen ha velta molda
og bøndene sine tårer og sveitte
har gitt fukt til spirande knollar

tjue år etterpå
står småbjørka og viftar med greinene
i jord som endå har næring
til blafrande bjørkeblad -

men den usynlege songen
vil fortsetje å stige

her gjekk det ein gong eit menneske -
her levde og døydde eit menneske
i kamp mot seg sjølv og naturen



søndag 8. mars 2020

Kvinna i historia

gjennom historia
står den sterke kvinna der
som ein los på skipet,
leier det gjennom uroleg vatn
med stødig hand

kor snodig det skal vere
at denne helten ved fronten
ikkje fekk tale si eiga sak
eller seie sitt om korleis skipet skulle styrast,
ho som før hadde lagt seg sjølv som skjold
mellom båten og skjeret
enn å la borna ombord
møte farar aleine

ho, som ser lenger inn i mørket
enn nokon mann ville klart,
og likevel sett ned på,
likevel heldt for å vere
nummer to -

nei, løft losen opp til den ære ho fortener
og la latteren stilne i byssa

er det ikkje nettopp kvinna
mora, losen
som gjer at du kan sitje her
varm og trygg
endå sjøen går meterhøg der ute?


onsdag 26. februar 2020

Kvardagsmenneske

eg er ein meister
i det kvardagsgrå,
glir i eitt med skuggane
men også dei skarpe konturane
sola dannar
på si ferd over landjorda;

glad om sommaren
mollstemt om hausten
noko inneslutta og mørksinna om vinteren
og om våren kjenner eg håpet gro
som ein sovande, no vaknande spire
frå det store djupet
i hjartet

sjølv me kvardagsgrå, vanlege
som glir i eitt med landskapet og tida
og snart gøymt og gløymt
i historia sine siderom
har spiren til det ustoppelege og ukuelege
i oss

når ein berre kjem nær nok
og har opne nok auge 


lørdag 21. desember 2019

Ein raud tråd

det går ein raud tråd
gjennom historia,
frå den ævelege kongsstolen
gjennom hagen i Eden og ut
i den store ørkenvandringa

det jagar ein pust over marka
ein vind som lyftar segla
og dyttar oss fram

gjennom slavekår og fridomskrigar
gode år og år med svolt,
krigar, fredar, handel og storm,
ei heil verd i framdrift gjennom rommet
og den raude tråden er der

sirklar seg inn på ein stall i Betlehem
og eit barn i krybba,
men går vidare, langt langt vidare
til bølgjene på Genesaret
og skriftlærde i Jerusalem,
gjennom jublande folkemengder
og ein spyttande mobb,
til ei tornekrone, eit kors, ei grav
og heilt inn i døden

der verkar det kanskje som det heile endar,
at alt har vore bortkasta strev -

men tråden fortset, ut av grava
og inn i hjarte,
frå hjarte til hjarte til hjarte
og heilt hit til oss

og vidare

går tråden gjennom historia,
til den ein dag vil gå tilbake
til der den kom frå, til opphavet
og dra med seg dei mange
som steig opp frå døden      med Han

søndag 31. desember 2017

Alt vi ikkje visste



alt vi ikkje visste
i 1979
at Gorbatsjov skulle ende
den kalde krigen
at Saddam Hussein
skulle setje oljebrønnar i brann i Kuwait
at Tsjekkoslovakia skulle rakne i fred
at Jugoslavia skulle rakne i krig
at tvillingtårna skulle falle
at Berlinmuren skulle falle
at Afghanistan skulle falle
i hendene på Taliban
og IS herje med bomber i Europa
at Syria skulle falle
i eld
at sjølve feriehavet skulle bli
ei grav for så mange på flukt

alt vi ikkje visste
i 1979
då vi telte ned, frå 10 – 9 – 8 –
mot det nye tiåret

alt vi ikkje visste –
alt vi ikkje veit
i 2017 –


fredag 22. desember 2017

Mennesket i



det vesle mennesket
berrføtt i graset
tome hender, opne auge

den nye verda låg opa
eit upusla puslespel
og ingen instruksjonar

så starta vi der
berrføtt i graset
og bygde oss opp
bygde oss fram

til menneske
i fart over slettelandet
i rakettfart mot rommet
i heisen på veg mot høgare etasjar

til menneske i eige
av kunnskap nok
til dette svevet