Viser innlegg med etiketten månen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten månen. Vis alle innlegg

fredag 13. november 2020

Redusert til ingenting

 

dei som vandrar oppned over måneflata

og set seg på kraterkanten, kikkar

ut i det store svarte

ser jorda segle likegyldig forbi

som om ingenting har hendt


berre det blå og det grøne og det kvite og det brune

i stille sirkulasjon

tømt for meining, tømt for ord og hud


kanskje er der ein napoleon, eller ein viking

ein holemann, ein dinosaur, ein einstein, det

er ikkje godt å seie

for alt det menneskelege er redusert til ingenting

på denne avstanden


det er så herleg stilt

seier den eine

og den andre nikkar, tømmer kaffi i kruset

og sukkar fornøgd


lørdag 21. mars 2020

Millimeterbom

viss du skal reise
med rakett til månen
skal det ikkje så mange millimeter til
med feilinnstilt kurs i starten
før raketten hamnar
ein heilt annan stad

då du veik med blikket
hamna varmen i auga
så utruleg mange kilometer vekke
frå hjartet mitt
at skaden er så å seie uoppretteleg


tirsdag 3. mars 2020

Ubåt på månen

me startar denne ubåten
køyrer i låg fart
like under overflata
på månen

ein sjø utan vatn
ein lengt utan ord
ei utsikt som strekk seg
gjennom det tomme rommet

sakte vender me blikket
mot kvarandre, 
let oss søkke inn
i kvarandre sine blikk

kveler eit hikst av frykt
for denne sandsjøen
      er noko anna, noko meir
noko mykje meir alvorleg
enn det me har møtt før --

stille glir ubåten fram gjennom mørket,
pløyer sanden til side

legg etter oss eit spor av eigen smerte
ein lengt utan ord
ei utsikt som strekk seg
mykje lenger enn det hjarta kan nå