Viser innlegg med etiketten bomme. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bomme. Vis alle innlegg

lørdag 21. mars 2020

Millimeterbom

viss du skal reise
med rakett til månen
skal det ikkje så mange millimeter til
med feilinnstilt kurs i starten
før raketten hamnar
ein heilt annan stad

då du veik med blikket
hamna varmen i auga
så utruleg mange kilometer vekke
frå hjartet mitt
at skaden er så å seie uoppretteleg