onsdag 28. september 2016
søndag 25. september 2016
fredag 23. september 2016
onsdag 21. september 2016
Kjeldene #7
eg høyrer slaga
frå
tunge fjerne klokker
nærme
seg
ei
dirring frå urgamle tider
lyfter
byen frå fjellet gjennom skyene
speglar
den som gull i havet
let
lyset omfamne skuggane rive dei sund
let
kjeldene strøyme fritt og openberra
for
mitt nyskapte hjarte
ser
i djupna
at
alle mine kjelder
er
i deg
mandag 19. september 2016
Kjeldene #6
handa grip pennen fører den
over
ark etter ark etter ark
ei
uendeleg rekke med ord
namn
ansikt
kvervlande
straumar DNA
kodar
for meg kodar for deg
kodar
for alle dei skapte
og
alle står der
teikna
ned
på
hjarteveggen opphavsstaden
kjelda
til alle kjelder
lørdag 17. september 2016
Kjeldene #5
dei
spør
kor er du frå
kva for vegar har du gått
for å komme hit
ensar ikkje røtene mine
eller sine eigne
ser ikkje vegen dei sjølve har gått
korleis alt strekk seg
mot eit einaste punkt langt vekke
der kjeldene har sitt opphav
og alt som er vart til
kor er du på veg
spør dei
ser med opne auge
mot dei framande horisontane
eg peiker attende
dit kjeldene har sitt opphav
dit
skal eg
kor er du frå
kva for vegar har du gått
for å komme hit
ensar ikkje røtene mine
eller sine eigne
ser ikkje vegen dei sjølve har gått
korleis alt strekk seg
mot eit einaste punkt langt vekke
der kjeldene har sitt opphav
og alt som er vart til
kor er du på veg
spør dei
ser med opne auge
mot dei framande horisontane
eg peiker attende
dit kjeldene har sitt opphav
dit
skal eg
Flammeslukaren
han brenn av den siste
flammen
lyser
over rommet
flammeslukaren let att munnen
ser med opne auge
dei siste gneistane
slokne
mot mørket
det var det siste
han hadde
hjartet gneistra ikkje lenger
publikum gjekk
torsdag 15. september 2016
Kjeldene #4
det er mitt eige hjarte
du
trør på
ein
grunn du kan gå på
som
ikkje er din
men
min
her
vaks du opp
vart
sjølvstendig eigenrådig stor
styrte
verda med sikker hand
heile
vegen du gjekk
var
meg
det
var lånte stigar skjulte fjell
dalar
med uendeleg næring
alt
tok du til deg alt gjorde du
alt
såg du og tok i eige
som
ditt
endå
det var mitt
Abonner på:
Innlegg (Atom)