Viser innlegg med etiketten eld. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten eld. Vis alle innlegg

torsdag 9. november 2017

Den indre flammen



kanskje er du sola
dei krinsar rundt
umedvitne
den brennande flammen
i ditt indre

der smeltar bitar av livet ditt saman
til stødige minner,
sender strålar av energi
frå kvar pore i huda

det du byggjer og ber på
skapar gløden i elden frå auga

kanskje er det difor
dei krinsar rundt deg;
auga speglar den indre flammen

umedvite
får dei del i den same varmen


lørdag 17. september 2016

Flammeslukaren


han brenn av den siste
flammen 
lyser
over rommet

flammeslukaren let att munnen
ser med opne auge
dei siste gneistane
slokne
mot mørket

det var det siste
han hadde 
hjartet gneistra ikkje lenger

publikum gjekk

torsdag 14. januar 2016

Elden



tonane strekk seg
som flammande eld
gjennom skogar og fjell;

den vågale fuglen syng
sjelfulle songar
når dagane lir imot kveld -

ein vinter skal svinne
og kulda forgå
før lengten får røter og feste

musikken er frøa
og håpet skal gro
som blomar - og knoppar skal breste!


torsdag 13. november 2014

Tilbake




den runde verda
med fast rotasjon –

det er denne staden
eg kallar heime;

eg går i høge støvlar
gjennom graset

plukkar siste lauvet
av eit nake tre

og legg tankane inn
i varmen –

eg er tilbake
til der vi var før

- står eg stille
kan eg merke rørsla,

planeten si ferd
gjennom tomme rommet;

gleda ved å stirre
i logande eld

der mørket utgjer
eit stille nærvær – i periferien



mandag 9. desember 2013

Himmelmøte #3




det begynte som ein gneist i hjarta,
ei lita glo
som forsiktig våga å vekse
strekte seg etter næring i tankevinningane mine,
vaks seg større på mi lengt
og forvirra søking etter meining
og håp i tilværet –
gloa vart ein flamme,
nært av rusk og rask i sjela,
ting eg gjerne ville bli kvitt (utan at eg visste det sjølv)
og brann det stadig nærare grunnen
dag for dag
og ein dag vil flammane slikke oppover innerveggane
og alt anna vil vere vekke –
berre flammen er att
og Han som eig flammen
vil vere alt for meg