Viser innlegg med etiketten Foto. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Foto. Vis alle innlegg

fredag 2. mars 2018

Eg var der, altså



eg var der
det er heilt sant
sjølv om du ikkje såg meg
og eg eigentleg ikkje såg deg

gøymt bak kameraskjermen
var det vel berre håret mitt
(det vesle som er att)
som viste og du kunne sjå
meg inn i linsa

for bildet som er forma i hovudet mitt
er filtrert gjennom fleire lag
slipte glas
og lagra først på ei minnebrikke
og deretter på pc

så eg var der, altså
det er nesten heilt sant –




torsdag 9. november 2017

Den indre flammen



kanskje er du sola
dei krinsar rundt
umedvitne
den brennande flammen
i ditt indre

der smeltar bitar av livet ditt saman
til stødige minner,
sender strålar av energi
frå kvar pore i huda

det du byggjer og ber på
skapar gløden i elden frå auga

kanskje er det difor
dei krinsar rundt deg;
auga speglar den indre flammen

umedvite
får dei del i den same varmen


onsdag 14. mai 2014

Tolk



det vert enklare slik
mellom meg og verda;
eit filter
for inntrykk,
ein tolkingsnøkkel
for det eg møter

gjennom linser
gjennom speglar
og glas,
filtrerar eg lyset
minskar og sorterer

til verda møter meg
som eit utsnitt
eg kan forstå