Viser innlegg med etiketten flamme. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten flamme. Vis alle innlegg

tirsdag 10. november 2020

Vern flammen

hald rundt den vesle flammen,
vakt den for vind og storm og regn

gje brensel, gje luft, gje varme!
til flammen som brenn i hjartet

løft den opp
set den høgt


la den skine i auga!
men vakt deg for vinternattssnøfallet
som i alle mørke timar
trugar med kvelande omsorg
for dette fargerike det ikkje kan tole

-

ikkje la deg bøye, ikkje la deg dytte ut
men hald rundt den vesle flammen
så han ikkje sloknar

 

fredag 22. mai 2020

Lyse i fråvær

det ville i deg
brenn
som flammande logar
over det store havet

du vil kjempe det gjennom
leie det fram
til sin rette plass

vere den som rettar opp
reddar, plukkar saman
byggjer
held

strekk armane mot alle båtane
men i møte med vatnet
sløkker elden -

berre i det kalde fråværet
kan du lyse mot natta,
ei smerte 
du kan bere

fordi du må

onsdag 16. mai 2018

Alle andre enn meg har skulda



då gir eg fyrstikkøskja til treåringen
ber han slå seg laus,
sjekke om dette er noko –

etterpå
i osen frå dei svartsvidde restane
            av kontoret mitt
skal eg skrive flammande innlegg
om dårleg sikring
av fyrstikkøskjer


torsdag 9. november 2017

Den indre flammen



kanskje er du sola
dei krinsar rundt
umedvitne
den brennande flammen
i ditt indre

der smeltar bitar av livet ditt saman
til stødige minner,
sender strålar av energi
frå kvar pore i huda

det du byggjer og ber på
skapar gløden i elden frå auga

kanskje er det difor
dei krinsar rundt deg;
auga speglar den indre flammen

umedvite
får dei del i den same varmen


lørdag 17. september 2016

Flammeslukaren


han brenn av den siste
flammen 
lyser
over rommet

flammeslukaren let att munnen
ser med opne auge
dei siste gneistane
slokne
mot mørket

det var det siste
han hadde 
hjartet gneistra ikkje lenger

publikum gjekk