onsdag 27. mars 2019

Væskehimmel



lengten kan best
skildrast
som ein flytande måne
på himmelhavet,
der alle tårene
eit menneske kan sleppe ut
vert samla som eit hav
og i dette havet
sym månen sakte
over horisonten

der ute
på den mørkaste baksida
av vår nære, men likevel så fjerne
satellitt
sit håpet mitt
med haka kvilande på knea
og ventar på

eit lite
eit aldri så lite, om enn mikroskopisk
livsteikn frå deg



onsdag 20. mars 2019

Vil synge



noko vil synge
på botnen av dette mørket,
gjere alt bra att
og løfte lyset oppover        heilt over
kanten,
der strålane kan danse til musikken
og farge verda
i nye fargar

ja, noko vil synge
noko djupt her inne
under alt det tunge, alt det grå, alt
som pressar imot
ligg ein song og ventar
på soloppgangen
eg veit vil kome


lørdag 16. mars 2019

I det uendelege



i det uendelege
ligg uante sjansar
til å oppnå det umoglege

for ingen kjenner grensene
til universet
ingen veit kor tida stoggar
eller orda tek slutt

det er i dette, i denne erkjenninga
det vert mogleg å fjerne seg
frå eigne skylappar
og innøvde tankesett

la seg flyte over djupa
vere eit barn
i alle ting
stille spørsmål til skaparen
og opne hjartet
for overraskande svar



onsdag 13. mars 2019

Rekneskap



det er desse tårene
me skal gjere rekneskap for
den dagen snøen smeltar
og auga kan sjå noko vekse
der døden drog kappa si over marka

rekneskapet vil bli hardt
for me har harde hjarte
og viljen er vrang
og orda er som istappar
frå bergnabbane i sjela

og tala i rekneskapet
vil truleg ikkje stemme,
for me bokfører ikkje alt me veit -

me skriv dei raude tala
med så lita skrift me kan
i håp om at sola skal smelte blekket
saman med isen
og late alt renne ut og vekk

så rekneskapet vil bli hardt
for oss som lurar oss unna
våre eigne liv