i det uendelege ligg uante sjansar til å oppnå det umoglege for ingen kjenner grensene til universet ingen veit kor tida stoggar eller orda tek slutt det er i dette, i denne erkjenninga det vert mogleg å fjerne seg frå eigne skylappar og innøvde tankesett la seg flyte over djupa vere eit barn i alle ting stille spørsmål til skaparen og opne hjartet for overraskande svar