I
Vårt første plask
På ukjent jord
Ein ring
i vatnet
Større og
større og større
Heilt til
den forsvinn
Og flata
ligg tilbake
Nesten urørt
II
Eg falt
for deg
Du falt
for meg
Saman
falt vi
Gjennom
III
Ein
skulle tru
vi hadde
noko
med
kvarandre
å gjere
Flygande
dråpar
etter
den same steinen
Men då
trur ein feil
IV
Så mange
steinar som har flydd
Utover,
ut over
vatnet
Eg ser,
og undrar:
Er stranda
snart tom,
eller er
der uendeleg
med
steinar?
Vil ein
dag
den
siste steinen
bryte flata
og så:
Stille, for evig?
V
Vi
trilla steinen opp
den
tyngste bakken
av dei
alle
Trilla
og dytta og sveitta
Brukte heile
dagen
på det
Hadde
truleg ikkje noko betre
å gjere
Til
slutt stod vi på toppen
med
verkande musklar
og ei
lette i hjarte
som
ikkje var til å ta feil av:
Ei spent
glede, nesten
forventning?
Til det
som skulle komme
Steinen
balanserte vi på stupet
berre ei
fjøl hindra den
Vi såg
på kvarandre
nesten
forelska
sommarfuglar
i magen
Telte
til tre,
Dytta planken
Steinen
falt
Eitt,
to, tre, fire sekund
Ikkje meir
Og så:
Det største plasket
vi nokon
gong hadde sett
Etterpå
låg sjøen stille
Fjellet var
tomt
Vi gjekk
ned att
VI
Vi
prøvde det same
ti år
seinare
Men gav
opp
på
halvvegen
Steinen
vart liggande i bakken
Og vi
gjekk lutrygga
kvar til vårt
VII
Så det siste
plasket
Ein stein i svart vatn
Berre ein liten stein
Kanskje 3 cm stor, på tvers
Eg kasta
den sokk
Verda snurra nett som før
Skulle det ikkje skje
noko meir?