Vinteren
kjem
Eg har
tomme hender
Alt eg
hadde
tok haustvinden
og blåste bort
Det
forsvann
ut i det
store ingenting
Vinteren
kjem
Kulda
festar taket
i mine
tomme hender
Eg ser
så mange andre
med famnen
full
Hender
med innhald
Rake ryggar
og store smil
Sjølv
kryp eg saman
av synet
Vinteren
kjem
Eg gøymer
meg under
eit teppe
av kulde
og sakn
Her sit
eg
Aleine
Med mine
tomme hender
og tomme,
bankande
hjarta
Og ein
lengt i blikket
mot alt
det eg mista
og tapte
Dette rørte meg. Kjenner på den følelen selv, skjønt helt tomme hender har jeg jo ikke... Sender deg en god klem i høstmørket.
SvarSlettNei, det er godt at livet ikkje er så einsidig mørkt som i eit trist dikt... Ynskjer deg gode dagar med mange lysglimt!
SvarSlett