Dei er
så vanskelege å sjå
Detaljane,
dei små
Ikkje
fordi dei er skjulte,
Eller prøver
å gøyme seg vekk
Gjere
seg usynlege, umerkelege
Nei, det
er eg som er problemet
Auga
mine, som sveipar over landskapet
Beina mine,
som hastar av garde
Hovudet
mitt, alltid oppteke
av neste problem. Alltid neste
Alltid travel
Det er
eg som ikkje bøyer meg ned
Set knea
i bakken, vender auga nedover
Det er
eg som ikkje ser,
for detaljane
er der:
Vakre
Storslåtte
Stille vitne
om noko stort
Det er eg
som ikkje ser
Ikkje tek
meg tid
til å sjå
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar